– Me rykker ut når alarmen går
Kvam Security garanterer kort utrykningstid. Med ti vektarar og ein hund kan deira kundar kjenna seg trygge på at dei vert varetekne om alarmen går.
Då Morten Garen starta vaktselskapet Kvam Security AS for ti år sidan, tok han permisjon frå politiet ved Bergen sentrum politistasjon. Men det kunne like gjerne ha vore kona, Ann- May, som feira 10-årsjubileum i år.
– Me tenkte begge at det det kunne vera behov for eit vaktselskap i Kvam. At det var eg som tok permisjon, var eigentleg litt tilfeldig, seier Morten.
Ann-May har framleis arbeidsplassen sin hjå politiet i Kvam, Samnanger, Fusa og Tysnes. Morten angrar ikkje på karriereskiftet, sjølv om det vart meir jobb enn han fyrst hadde sett for seg.
– Dei fyrste to åra trur eg at eg hadde maks 5-10 fridagar i alt. Eg gjorde det meste åleine utan hjelp frå andre, fortel Morten.
I dag er situasjonen ein annan. Kvam Security har ti personar i vaktstyrken som bur spreidd i heile kommunen. Det er ei av dei sterke sidene til selskapet. 95 % av alle alarmkundane bur i Kvam og Indre Hardanger. Dessutan har Morten god hjelp i den svarte schæferen, Toffen. Den viktigaste oppgåve til vektarhunden er er å forsvara føraren mot vald og å søkja etter personar. Kvam Security sin vektarhund har medverka til å finna folk både sivilt og for politiet.
– Ein gong, midt på natta, hjelpte me politiet med å finna ein gjerningsperson som hadde stukke av frå ein bil. Han vart funnen etter kort tid, fortel Morten.
I tillegg til private alarmkundar utfører Kvam Security tenester for det offentlege, som vakthald og sikring av personell, dei samarbeider med naudetatane, dei kan levera vakttenester til festivalar og liknande arrangement og sjøteneste for Hovedredningssentralen. Kvam Security er den største leverandøren av alarm- og vakttenester på Kvamskogen. Den nyoppretta avdelinga, Hardanger Vaktselskap, skal dekkja Jondal, Odda, Kinsarvik, Eidfjord og Hardangervidda. Kvam Security og Hardanger Vaktselskap har lukkast og vorte eit solid vaktselskap fordi dei lokale har valt å satsa på dei. Det er med på å skapa lokale arbeidsplassar.
– Me får mange gode tilbakemeldingar, så me trur me yter gode tenester, seier Morten.
Tekst: Camilla Skaar Ljones / Hordaland Folkeblad
Foto: Kristina Sofie Kvåle / Hordaland Folkeblad
Kontakt oss
Kvam Security
Telefon: 924 24 400
Adresse: Hardangerfjordvegen 401, 5610 Øystese